Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 89–92

2.4.1

  1. Angrerettlova gjeld ikkje. Salet går føre seg i dei faste forretningslokala til seljaren, jf. § 1.
  2. Angrerettlova gjeld ikkje. Kjøpet er ikkje eit forbrukarkjøp, jf. § 1.
  3. Angrerettlov gjeld i utgangspunktet etter § 1, men kjøpet er likevel unnateke virkeområdet for lova etter § 2 bokstav g fordi den samla kontraktssummen er under kr 300.
  4. Angrerettlova frå 2014 gjeld for auksjonar, i motsetning til den førre angrerettlova. Angrefristregelen i §§ 20 og 21 i lova er likevel unnateke for «offentlige auksjonar». Bilauksjonen på Økern blir rekna for å vere ein offentleg auksjon, jf. § 5 bokstav h. Det presise svaret er at dei andre reglane i lova, til dømes om opplysningsplikter før avtaleinngåing (§ 8) gjeld, men ikkje dei reglane som knyter seg til angrefristen. Det er viktig å sondre mellom spørsmålet om angrerettlova i det heile gjeld, og spørsmålet om lova gjeld, men at nokre av paragrafane ikkje gjer det.
  5. Etter mi meining er dette eit privatkjøp fordi pølsemakar Jensen ikkje opptrer i næringsverksemd (som pølsemakar) når han sel den private personbilen sin, jf. § 1. I så fall gjeld ikkje angrerettlova. Ser vi det likevel som forbrukarkjøp, vil angrerettlova heller ikkje gjelde fordi salet skjer ut frå dei faste forretningslokala til seljaren.
  6. Angrerettlova gjeld fordi postordresal er fjernsal, jf. § 1 og § 5 bokstav b. Sidan den samla kontraktssummen er over kr 300, kan § 2 bokstav g ikkje nyttast.
  7. Angrerettlova gjeld fordi telefonsal er fjernsal, jf. § 1 og § 5 bokstav b.
  8. Angrerettlova gjeld ikkje. Bestilling over telefon utan at det er organisert telefonsal, er ikkje å rekne som fjernsal etter § 5 bokstav b.
  9. Angrerettlova gjeld i utgangspunktet for utleige av hybel. Dette følgjer av § 2 bokstav b, som uttrykkjeleg seier at utleige er eit unntak frå unntaksregelen, og av § 1 som seier at lova også gjeld sal av tenester. Men lova gjeld berre sal av tenester (også utleige av hybel) når utleigaren opptrer i næringsverksemd og avtalen blir inngått ved fjernsal. Vi går ut frå at Roar som utleigar ikkje opptrer i næringsverksemd. Lova gjeld derfor ikkje.

2.4.2

Kjøpet blir rekna for å vere eit forbrukarkjøp som skjer utanfor dei faste forretningslokala til seljaren. Tvisten skal derfor løysast på grunnlag av angrerettlova, jf. § 1.

Ida angrar på kjøpet og vil ha gjort det om. Ho har angrerett i medhald av §§ 20 og 21. Idas rett til å angre går ut 14 dagar etter at ho fekk hand om bøkene. Det skjedde 1. april. Ho sende melding 13. april. Etter § 20(1) andre punktum er angrefristen halden når melding er send innan fristen. Ida har derfor halde fristen sjølv om meldinga vart motteken av seljaren 15. april.

Bevisbyrden for at melding er send ligg hos forbrukaren, jf. § 20(4). Ida må derfor kunne dokumentere at melding er send dersom det skulle oppstå ein tvist om sendetidspunktet. Ida bør derfor ta ein kopi av det daterte brevet med meldinga. Det beste ville nok vere å informere seljaren med e-post eller SMS om at meldinga om bruk av angreretten er send. Forbrukaren treng ikkje grunngi kvifor ho ønskjer å bruke angreretten. Det seljaren hevdar om at Ida ikkje kunne angre fordi bøkene var feilfrie, har ingen rettsleg verdi.

Oppgjeret mellom forbrukar og seljar skal skje i medhald av § 25. Ida må sende boka til seljaren dersom ho ikkje vel å dra til seljaren for å levere boka. Ida er forplikta til å betale eventuelle returkostnader, men berre dersom seljaren på førehand opplyste om dette, jf. § 25(2).

2.4.3

Kjøpet er utan tvil eit forbrukarkjøp, men eit meir tvilsamt spørsmål er om angrerettlova gjeld. Lova krev at salet skjer utanom faste forretningslokale, jf. § 1. Spørsmålet er derfor om sal frå trillevogn på toget skal reknast som sal frå faste forretningslokale. Dette er vel ei form for sal som folk flest vil karakterisere som omførselssal, der seljaren går rundt og oppsøkjer kvar enkelt kunde. Vi går ut frå at dette er sal utanom faste forretningslokale. Tvisten skal derfor løysast på grunnlag av angrerettlova.

Maten og brusen
Ei moglegheit er å sjå maten og brusen som eit eige kjøp til kr 90. I så fall er kjøpet unnateke virkeområdet for angrerettlova etter § 2 bokstav g fordi kontraktssummen er mindre enn kr 300. Men mat, brus og bok vart kjøpte samstundes innanfor den same kontrakten til ein samla sum på kr 391. Derfor gjeld angrerettlova heile kjøpet.

Angreretten for brus og bagettar går tapt i medhald av § 22. Den heimelen som råkar best her, er truleg § 22 bokstav g, som bestemmer at angreretten ikkje gjeld ved levering av forsegla varer som av omsyn til helsevern eller hygiene ikkje er eigna for retur. Forseglinga er også broten. Brus er forsegla i flaske, og bagettar er som regel forsegla i plast. Matvarer eignar seg ikkje for retur. Ola har derfor ikkje angrerett på brusen og bagettane.

Boka
Angrerettlova gjeld, og kjøpet av boka er ikkje ramma av unntaka i § 22. Ola har derfor den angreretten lova gir. Han fekk verken angreskjema eller opplysning om angreretten i medhald av § 8(1) bokstav h. Ola har derfor angrerett i eitt år og 14 dagar etter at han fekk boka, jf. § 21.

2.4.4

Angrerettlova gjeld både sal av varer og tenester utanom faste forretningslokale. Her har det vore eit dørsal, og det er derfor ikkje tvil om at angrerettlova gjeld dette forholdet, jf. § 1, anten dette blir vurdert som sal av vare eller sal av teneste.

Det er naturleg å vurdere asfaltlegging som ei teneste. Angrefristen er derfor 14 dagar frå den dagen avtalen vart inngått, jf. § 21(1). Dersom opplysningar i medhald av § 8(1) bokstav h ikkje er mottekne, er angreretten 12 månader og 14 dagar, men sidan Kari angra berre tre dagar etter at avtalen vart inngått, er ho uansett innanfor angrefristen.

Angreretten kan i prinsippet ha gått tapt etter § 22 bokstav c. Etter denne regelen går angreretten som hovudregel tapt etter at tenesta er levert, men berre dersom leveringa skjedde etter uttrykkjeleg samtykke frå forbrukaren på førehand og erkjenninga av at angreretten går tapt når tenesteytaren har oppfylt forpliktingane sine etter avtalen. Oppgåveteksten tyder ikkje på at Kari har erkjent noko som helst. Ho har derfor angreretten i behald.

Det er tydeleg at § 22 bokstav c er ein streng regel for seljaren, som i dette tilfellet må fjerne asfalten for eiga rekning. Men situasjonen kunne lett ha vore unngått ved å krevje det førehandssamtykket og den erkjenninga av tapt angrerett som lova krev.

2.4.5

Læraren har løysingsforslag

2.4.6

Læraren har løysingsforslag

2.4.7

Læraren har løysingsforslag

2.4.8

Læraren har løysingsforslag